I 2026 er det 150 år sidan diktaren Olav Duun (1876-1939) vart født på Jøa. I vaksen
alder satt han på sitt skriveloft i Holmestrand og skreiv sine bøker, men det var natur
og folk frå sin oppvekst på Jøa og i Namdalen som var inspirasjonen og bakteppe i
desse bøkene.
Ein diktar i verdsklasse
I perioden 1918-1923 skreiv han sitt storverk Juvikfolket, i 6 band.
Han var så stor favoritt til å få Nobelprisen i 2026 at Aftenposten den 11. november
det året, før prisutdelinga var kjent, hadde denne førstesideoverskrifta: «Olav Duun
faar i dag aarets literære Nobelpris.» I neste avis måtte Aftenposten beklage denne
overskrifta, for det var ikkje storfavoritten som vann, Nobelkomiteen las opp George
Bernard Shaw som vinnaren det året. Ryktene seier Duun var ein stemme unna
prisen den gongen. Sjøl om ikkje Olav Duun fekk denne prisen for 100 år sidan, så
syner det kor stor ein diktar han var i si samtid, og kvifor hans bøker, om
utfordringane med å vere (med)menneske, lever inn i framtida. «Ein må vera
menneske, det er det første og det største», seier Olav Duun.
150 år med Olav Duun
Olav Duun-stemnet i Namdalen 19.-21.juni er ein hyllest til at den store Namdals- og
Holmestrand-diktaren Olav Duun vart født på Jøa for 150 år sidan. Da skal Namsos-
komponist Terje Adde sitt symfoniske verk «Juvikingar» urframførast. Vi skal syne
fram dyktige lokale kulturaktørar. På laurdag skal vi gå Eventyrstien (5 km) inn i Olav
Duun sitt diktarlandskap. Når vi kjem til toppen av Jøatrappa, med utsyn utover
Follahavet, skal skodespelar Hildegunn Eggen ha opplesing frå boka «I eventyret.
Danselina på Olav Duun vgs. skal og ha danseframsyning her. På ettermiddagen
skal vi på bokbad bli betre kjent med namdalsdiktarane Guri Idsø Viken og Maren
Barlien. På kvelden skal Åge Aleksandersen og fem Trondeimssolistar halde konsert.
På litteraturseminaret neste dag snakkar Grethe F. Syed om Olav Duun sitt
diktarspråk. Åge Aleksandersen fortel om si reise som songskrivar frå engelsk til rock
på trøndersk. Språkvitar Sylfest Lomheim spør om det norske språket er trua.
Avslutninga på stemnet blir Rosenvang Teater si spanande framsyning
«Medmenneske». «Det vonde drep du ikkje med øks», seier Duun.
Du får vite meir om Duun-stemnet på www.olavduun.no. Billettar kan du kjøpe på
www.namsos.kulturhus.no. Velkommen til stemne på Jøa 19.-21. juni!
Torgeir Strøm

