Skip to Content

Olav Duuns barndomsheim

Diktaren Olav Duun (1876-1939) vaks opp på Jøa. Olav Duuns barndomsheim på Øver-Dun vart ferdig restaurert i 2011. Huset er sommaråpent i fellesferien. Sjøl om Duun skreiv dei fleste bøkene sine i Holmestrand, er det naturen og folket på Jøa og Namdalskysten som er inspirasjonskilden i diktinga hans. Oppveksten på gard og i fiskarbåten pregar naturskildringane og dei ramsalte fortellingane hans. Olav Duun var storfavoritt til å få Nobelprisen i litteratur i 1926, men det vart George Bernard Shaw som fekk prisen.

Velkommen til Olav Duuns barndomsheim

Olav Duun stiftinga i Namdalen, omtala som ODIN er ein stor del av den levende kulturarven på Jøa. Kommunane Namsos, Overhalla, Nærøysund, Leka og Olav Duunfamilien utgjer stiftinga. 

ODIN skal gjera Olav Duuns dikting kjent, og vil at folk skal oppleve Olav Duuns diktarlandskap på Jøa og på Namdalskysten.

Olav Duuns barndomsheim er restaurert attende til ca. år 1900, til tida Olav Duun budde der. Ei omvising i huset vil gi deg meir kunnskap om diktaren sitt liv og litteraturen han skreiv. Olav Duuns barndomsheim er åpen kvar dag i fellesferien.

Olav Duun sine mest kjente verk er: Juvikfolket (1918 -1923), Medmenneske (1929) og Menneske og maktene (1938).

Åpningstider i 2025.

Olav Duuns barndomsheim vil vere åpen kvar dag frå 11. juli - 10.august, kl. 12-16. Omvising for vaksne: 100 NOK. Barn: 20 NOK. Gruppepris: 1.000 NOK. For omvising utanom sommaråpninga, må ein gjere avtale med oppgitt adresse.

Olav Duun-stemnet i Namdalen.

Anna kvart år arrangerer stiftinga «Olav Duun-stemnet i Namdalen». I 2026 er det 150 år sidan diktaren Olav Duun (1876-1939) vart født. Duun-stemnet i 2026 blir arrangert i dagane 19.-21. juni.

Jøatrappa og Eventyrstien.

Jøa IL åpna Jøatrappa (932 trinn) og Eventyrstien (5 km) høsten 2024. Namnet på stien er inspirert av ein av bøkene i verket om Juvikfolket (6 bind), boka «I eventyret». Trappa og stien er ei vandring inn i Olav Duun sitt diktarlandskap. Informasjonstavlene på dei to kvile- og utsiktsplassane ved varden på Dunafjellet og på toppen av Jøatrappa gir deg informasjon om Olav Duun. Du kan og lei omvisar i Jøatrappa, og langs heile Eventyrstien, med søkelys på Duuns dikting og landskap.

Kontakt

Olav Duun-Stiftinga i Namdalen
v/ Torgeir Strøm
Tlf: 41 56 25 31
Epost: torgeirstr@icloud.com

Produkter for salg

  • Omvisning i Olav Duun barndomsheim
  • Olav Duun litteratur
  • Bussguiding på Jøa, 1,5 time. 1000,- NOK
  • Vandring i Olav Duuns diktarlandskap, 1,5 time. 1.000,- NOK
  • Lesepakke, 2-3 dager, minimum 6 personer. Pris på forespørsel.