Skip to Content
Livet på øya Jøa

Jorda på Jøa

Pål Medhus
08.jun. 2024

Eg anbefaler deg eit besøk til øya Jøa med det samme!

Eg har vøri Noreg rundt, fleire gonger på jobb. Store delar av jobben min er å få folk til å virke saman. Ei velsigna utgåva av arbeidsstad og kontorlandskap kan du si! Og av den grunn er det ikkje mange turene eg planlegg for ferie. Det er på sett og vis ein kombinasjon mellom hygge og arbeid slik eg har det. Likevel er det plassar eg kunne tenkte meg å reise attende til. Berre for å væra der litt lenger. Jøa er ein slik plass. 

Du merker det egentleg med det samme du køyrer ombord på ferga. Ein fergetur som målt i antall minutt må være ein av det stuttaste norsk kystlinje har å by på. 5 minutt og 48 sekunder klokka eg den inn på. 

Skramlelydene frå fergelemmen og jernkonstruksjonar på fergeleiet minna meg brått om at dette rett og slett er koblingen mellom øya og fastlandet. Denne vesle fergeturen som både bind saman og som er utveg og inngang på samme tid. For meg var dette fysste besøket, og lydane frå ferga minna meg altså om; no var eg der. På Jøa - Landet i eventyret. Ja, for det er neimen meg ikkje rart at diktar og forfatter Olav Duun vart inspirert i dette landskapet. 

Det har blitt fleire besøk på Jøa gjennom åra, og eg har framleis den same haldninga. Hit vil eg tilbake ei gong, uten å ha anna på planen enn å kose meg. Rusle rundt og kjenne korleis eg blir jorda på Jøa.

Pål Medhus